OBS: Denne prosjektsida har fått ny adresse:
Denne gamle sida blir ikkje lenger oppdatert.
(Minnesamlinga er i gang - her blir Kjelle Nesse, som var lærar på Fridalen på 1960-talet, intervjua av Fartun og Madhavi som er elevar der i dag.)
Fridalen: Kreativitet gjennom 80 år
Fram til jubileumsarrangementet skal Fridalen Skole, Bergen off. Bibliotek/landås Bibliotek, filmselskapet Rusten Spiker Film og Memoar samarbeida om å samla inn, bevara og formidla litt av den munnlege kulturarven som heng saman med skulehistorie. For Memoar håper vi at dette skal bli starten på eit mangeårig samarbeid med munnleg historie på Landås.
Denne nettsida er i fyrste omgang ein prosjektweb for dei som skal samarbeida om skulejubileet. Me håpar å trekke mange med i samarbeidet alt nå!
Ørnul Aase - om kreative gutedagar på Landås:
Ørnulf Aase var ein svært aktiv gutunge i oppveksten under og like etter krigen.Han likte seg ikkje på skulen - men likte desto fleire andre aktivitetar. Etter kvart var det ikkje måte på kor mange idear han fekk. Det var ikkje heilt ufarleg - tre gonger resulterte det i at tyske soldatar skaut etter han. Dei fyrste barneåra hadde han på Nordnes. Eter eit bombeangrep som tok nabohuset, flytta familien til ei hytte i Nordnesdalen, før dei fekk overta eit hus på Landås - som den gong var langt ute på landet.
Sjå forteljingar som han alt har delt her: http://bergen.memoar.no/2018/oernulfaase og her: http://bergen.memoar.no/2018/oerunulaase-del2
Dette skal skje i august - september 2019:
| Dette treng me hjelp til:
|