Hovudaktiviteten i prosjekt "Munnleg historie for alle" er innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av munnleg kjeldemateriale. Intervjuopptak er ein hovudaktivitet i alle delprosjekt. Slike intervjue er hyggelege samtalar mellom ein forteljar og ein intervjuar. Samtalen handlar om ting som forteljaren sjølv har opplevd, sett eller vore med på - altså der forteljaren er primærkjelde. Det kan vera levd liv i lokalmiljøet, arbeidslivet, organisasjonslivet - eller samfunnslivet. Kvardagsliv eller deltaking i store historiske prosessar - kort sagt levd liv i alt sitt mangfald. Sjå meir om forteljarrolla under "Ny forteljar?" Samtalen vert filma. Eigaren av opptaket er forteljaren. Intervjuaren er medeigar. Vi håpar - og oppmodar - forteljaren til å dela forteljingane sine. Det vil seia å la Memoar avlevera dei til Norsk Folkeminnesamling gjennom innsamlingsportalen Minner.no. slik vil framtidige forskarar få tilgang til dei. Me oppmodar også forteljarane til å dela med samtida gjennom å la Memoar og / eller samarbeidspartnarane lokalt gjera det tilgjengeleg i museet eller på nett. Forteljaren treng ikkje bestemma seg for om ho/han vil publisera før etter at opptaket er ferdig. Nedanfor her, fylgjer opptak som blir delte i dette prosjektet etter kvart som dei blir ferdige. |
Forteljarane
Nye innlegg
Tekstfelt for presentasjonstekst / tekstsamandrag av intervju, innebygd video og informasjon om korleis ein kan linka til konkrete tidskodar:
Videovindauge
Stikkord om innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:
https://vimeo.com/227415646#t=2h39m15s )
Hent utskriftsvennlig stikkordliste
to eller tre spaltar med logg | logg | logg |
1-1 of 1