Samarbeidet om munnleg historie i Hallingdal starta med prosjektet Krafttak for munnleg historie i 2018. I oktober vart det gjennom ført eit kurs på Hallingdal Museum i Nesbyen og ein dag med intervjuopptak på Ål Bygdearkiv. Seinare har frivillige både i Nes Historielag og Memoar arbeidd med å dokumentera og tilgjengeleggjera intervjuopptaka, og å førebu vidare samarbeid.
I august 2019 starta så prosjektet Munnleg historie for alle (MHA). Samarbeidspartnarane vart samde om å markera oppstarten nettopp i Nesbyen, i Hallingdal. av prosjektet Ein av medlemmene i styringskomiteen for prosjektet - Anne Marie Kollhus - bur i Nesbyen. Dei andre bur i Oslo og Bergen - begge stader er det omlag like langt med tog. Dermed var det lett å sjå at Nesbyen var det mest sentrale og - ikkje minst - mest CO2-nøytrale staden å markera oppstarten av prosjektet!
- Nasjonalt er Munnleg historie for alle (MHA) drifta av Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie .
- Fagleg er det forankra i Norsk Folkeminnesamling.
- I tillegg er Norsk etnologisk gransking prosjektpartnar.
- I hallingdal samarbeider me i utgangspunktet med Nes Historielag, Hallingdal Museum og Ål Bygdaerkiv. Denne lista har me ambisjonar om å utvbida alt under idéstormen på oppstarten tirsdag 27. august 2019!